Å gje nokon nakkesleng var ikkje meininga, og eg trur du har rett i at artikkelen vart brå. Eg skreiv han med litt futt, og då blir tonen fort meir bastant enn poenget fortener.
Det viktigaste først: eg er einig med deg. Ingen bør skrive eller spele på eit språk dei ikkje trivst med, og aller minst av språkpolitiske grunnar. Har du eit rikt engelsk spelordforråd som sit og fungerer, er det eit heilt godt grunnlag å byggje på. Så då får eg seie som dei gjer i Gudbrandsdalen: ¿Por qué no los dos?
(Insert lita-spansktalende-jente-gif)
Scopet mitt var smalare enn det truleg kom fram. Eg ville til livs eitt bestemt argument, nemleg at engelsk skulle vere betre eigna fordi det har fleire ord. Det har eg sjølv brukt i årevis, og eg vart litt flau då eg oppdaga kor tynt det står. Så artikkelen var like mykje eit oppgjer med meg sjølv som med nokon andre.
Var det litt guilt tripping ute og gjekk? Sikkert. Men i så fall gjeld det grunngjevinga, ikkje valet. Vel engelsk fordi marknaden er der, fordi ordforrådet ditt sit betre der, fordi det er kjekkare. Alt det er gode grunnar, og eg har ingenting å seie på dei. Det einaste eg ville til livs, var påstanden om at norsk ikkje strekk til.
hvorfor i alle dager skal man vase rundt med haug med direkteoversatte/uinspirerte ord fordi språkpolitikk?
Her har du eit poeng, og eg trur vi ser same problemet frå kvar vår kant. Grunnen til at direkteomsetjing blir stiv, er ikkje at norsk manglar ord, men at vi manglar eit innarbeidd sjangerregister å omsetje inn i. Det første er ein eigenskap ved språket, det andre er noko som lar seg byggje.
Myhren er eit fint døme. Han bygde eit heilt eige tonefall for Ringdrotten, og det tok tid og kosta pengar. Same med Høverstad. Det er akkurat den typen arbeid det ikkje finst finansiering til i rollespel, og der landar vi jo på det same som du opna med.
Smakssak er det, ja. Men det er ei smakssak fordi begge alternativa finst, og dei finst fordi nokon ein gong betalte for at dei skulle gjere det. For 13 år gamle meg, som vaks opp i ei bygd med i underkant av 100 innbyggjarar, fanst den berre på norsk, og eg veit ikkje om det var Myhren eller Høverstad. Eg vil at valet skal halde fram med å vere eit val.
For å bevare må nokon ta ansvaret. Det treng ikkje vere alle, og det bør ikkje vere eit krav til nokon. Men eg vil gjerne vere ein av dei, og då hadde det vore fint om det gjekk an å leve av det.
Takk for at du tok deg tid til å svare skikkeleg.
Eit aldri så lite PS: Om eg ikkje hadde fått lest Ringenes Herre/Ringdrotten som 13-åring, så er det ein viss fare for at eg hadde endt opp som sauebonde inst i ein liten fjordarm av Sognefjorden, gift med ein firmenning og hatt eit generelt snevert syn på alle desse merkelege folka som gidd å gjere noko anna enn å avle, fôre, klyppe, slakte og ete sau. (Og ein og annan hjort på hausten og vinteren)
-
Dette svaret ble endret 1 uke, 5 dager siden av
Stig Magne Evju Brekken.
-
Dette svaret ble endret 1 uke, 5 dager siden av
Michael Stensen Sollien.
Tryggleiksutviklar · spelmakar · profesjonell sidesporutforskar
Eg trur på store forteljingar, enkle reglar og plass rundt bordet til alle.
Planlegg som ein strateg. Bygg som ein handverkar. Spel som om terningane har noko personleg imot deg.