Hjem › Forum › Rollespill.info › Spillskaping › R.I.S.K. 2026: Bygdedyret av Stig Magne Evju Brekken › Svar til: R.I.S.K. 2026: Bygdedyret av Stig Magne Evju Brekken
Det stemmer på ein prikk at det ikkje står så mykje om korleis spelet skal gjennomførast, rett og slett fordi eg begynte for seint og ikkje fekk tid. Eg tok til meg det nokon skreiv om at det er bedre å sende inn noko halvvegs ferdig enn å ikkje sende inn. Då vart dette mitt bidrag i år 🙂
Eg fekk også blod på tann, så har bestemt meg for å mekke vidare på det. Tenkjer å ha med korleis ein set opp ei scene og kva som skjer vidare om Bygdedyret vaknar. Eg har til og med lagt inn Janteloven som forord til spelet.
Tusen takk for tilbakemeldinga! Tek til meg alle tips.
Stig
Tryggleiksutviklar · spelmakar · profesjonell sidesporutforskar
Eg trur på store forteljingar, enkle reglar og plass rundt bordet til alle.
Planlegg som ein strateg. Bygg som ein handverkar. Spel som om terningane har noko personleg imot deg.
