For mange herrens år sidan såg eg på det eg meiner var Typisk Norsk med Petter Schjerven. Der var Sylfest Lomheim (det kulaste namnet eg veit om) med, og han snakka om at engelsken tek over. Eit av dei vanlege argumenta er at engelsk har så mykje fleire ord og difor er meir nyansert. Lomheim slo bestemt ned på påstanden: det stemmer ikkje, norsk har like mange ord og kan skildre like godt som engelsk. Seinare hadde eg ein diskusjon om dette med ein av dei smartaste personane eg kjenner. Eg drog fram min indre Lomheim og sa skråsikkert og bestemt at «norsk har like mange ord som engelsk». Problemet var berre at eg ikkje hadde nokon fakta å basere det på. Han slo hardt ned på denne påstanden. «Engelsk har nærare 1,2 millionar ord, norsk har rundt 300 000. Slik var det berre».
I mangel på akademisk tyngde til å stå opp mot dette, så slo eg meg til ro med at det var slik, og eg har i grunnen brukt det som argument sjølv mange gonger. For meg sjølv. Når eg sit og skriv ting på engelsk i staden for på nynorsk. Eg sveik Sylfest Lomheim som den kujonen eg var, for ikkje å verke heilt blåst framfor ein eg såg opp til. Men no som eg nærmar meg midten av 40-åra, kjenner eg meg meir og meir nostalgisk, med eit større ønskje om å nytte meg av dei gode gamle (og kjende) tinga i livet mitt. Inn i dette finn ein då altså å bruke norsk og ikkje minst nynorsk. Så eg har grave i påstanden som så bastant vart servert meg, saman med argumentet som stadig dukkar opp når vi snakkar om bøker, filmar eller no også rollespel på norsk: at engelsk har fleire ord, er meir nyansert, og difor er betre eigna til å skildre ting.

Og her er eg takksam for at det finst AI som kan hjelpe meg å finne ut av dette (og som eg faktisk kan sjekke kjeldene til). Talet kjem frå Global Language Monitor, eit amerikansk firma som 10. juni 2009 kåra «Web 2.0» til det millionte engelske ordet. Lingvistane var ikkje nådige: Geoffrey Nunberg ved Berkeley kalla det rein svindel og «nonsense». Ben Zimmer i Language Log hadde alt peika på at same firmaet varsla millionmilepælen i 2006, i 2007, i 2008 og så i 2009, og at datoen dei til slutt landa på tilfeldigvis fall saman med utgjevinga av pocketutgåva av sjefen si eiga bok. Andre lingvistar avfeidde heile lista som rein publisitet og useriøst arbeid, med det argumentet at det ikkje går an å telje ord i bruk eller einast om kor mange gonger eit ord må dukke opp før det tel. Det er dette talet folk framleis siterer når dei skal fortelje deg at norsk er for lite. Språkrådet avviser sjølv at det i praksis går an å telje ord i norsk og engelsk og samanlikne på den måten. Oxford English Dictionary sine 600 000 «ord» inkluderer over 47 000 utgåtte. I tillegg er jernbanestasjon eitt ord der railway station er to. Talet på moglege norske samansettingar er praktisk talt uendeleg. Argumentet har for mange hol og flyt difor ikkje, uansett kor mykje denne engelsken forsøkjer å ro, ro, ro avgarde med det.
Så kvifor kjennest engelsk lettare og mindre pinsamt ut å bruke? Fordi vi har trent på det sidan detektimen gjekk på televisjonen. Sidan vi høyrde «Martini. Shaken, not stirred» for fyrste gong, eller til og med «Do I feel lucky?’ Well, do you punk?». 80- og 90-talet bugna over av kule actionheltar som kom med episke one-liners, som vart direkte slakta i omsetjing. Eller endå verre. Filmtitlar som Aksjon skyskraper (Die Hard). Poenget mitt er berre at det manglar ikkje ord på norsk. Det manglar eit innarbeidd sjangerregister, og det er noko heilt anna. Legg ein til at eit framandspråk gjev kjenslemessig distanse, så kjennest mykje av det mindre pinsamt på engelsk. Nettopp fordi vi ikkje var gode nok på å omsetje til noko som var minst like bad-ass som det var på engelsk (eg fann ikkje noko godt ord på norsk…). Då har vi endå eit argument for at det ikkje er språkkvaliteten som er utfordringa, det er psykologien i det.
Men så er det det bedritne motargumentet, og det handlar ikkje om språk og svært lite om psykologi
Uttrykket som vert brukt er domenetap. Det at norsk vert bytta ut med engelsk i avgrensa samanhengar som forsking, høgare utdanningsnivå, IT og næringsliv, og engelsk overtek som bruksspråk for undervisning, faglitteratur og dokumentasjon. Igjen, ikkje fordi språket er dårleg, men fordi vi ikkje har gode nok rammer. Det er eit argument om struktur, som er ei langt meir alvorleg utfordring, fordi det er slik domenetap faktisk skjer. Lomheim har åtvara mot mekanismen i årevis, og han er den same i akademia som han er her: vi sluttar å bruke språket på eit område, i arbeidslivet, på internett, og norsk terminologi vert aldri innarbeidd i desse områda sjølv om vi har lært dei og veit kva dei er. Neste generasjon, derimot, kjem ikkje til å lære terminologien i det heile, og som eit resultat må dei velje engelsk. Ikkje fordi norsk kom til kort, men fordi ingen bygde registeret medan det framleis var mogleg.
Men kva har dette med oss å gjere? Utfordringa med å gje ut berre på norsk
Men, som Michael Sollien skreiv: Dragepust-hovudboka har selt over 1000 eksemplar, og likevel dekkjer eit heilt års royalty på det salet ikkje éin månad med drift av Spillforlaget. Norskspråkleg rollespel er framleis «en kuriositet for mange nordmenn». Med andre ord, så er det igjen ikkje kvaliteten, men marknaden som bestemmer. Og då er vi over på dette med innkjøpsordninga. Skjønnlitteraturen har innkjøpsordninga nettopp fordi nokon ein gong bestemte at norsk skjønnlitteratur skulle finnast, og for å oppmode norske forfattarar til å skrive på norsk. Mot eit lite økonomisk insentiv ved at dei kunne forvente eit visst tal selde bøker. Kva så med rollespel? Eg meiner at vi utan vidare kan argumentere for at rollespel er ein skjønnlitterær beslekta sjanger. (Ein firmenning frå den bygda inni den fjorden som få besøkjer fordi han er av den litt intense typen.) Og vi har difor eit brennande godt argument for å verte teken inn i denne ordninga. Ei bok som kjem inn under innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for vaksne, vert kjøpt inn i 773 eksemplar, 623 papirbøker og 150 e-bøker. Sett opp mot dei tusen selde eksemplara til Dragepust ville ei innkjøpsordning nær ha dobla salet på ein tittel som allereie er den mest suksessrike norskspråklege utgjevinga i sjangeren, og ho ville gjort inntekta føreseieleg før utgjevinga i staden for etter. Konkret ber vi ikkje om ei ny ordning frå botnen. Vi ber om at norskspråklege rollespel vert vurderte inn under ei selektiv innkjøpsordning etter mønster av teikneserieordninga frå 2012: eit avgrensa tal titlar i året, vurdert av eit fagutval, kjøpt inn til folkebiblioteka. Om feltet er for lite til det i dag, slik teikneseriefeltet var i 1990, så er svaret produksjonsstøtte no og innkjøp seinare, på same måte som med teikneseriane.

Brannfakkelen!
Vi bør slutte å seie at det er språket som er problemet, når det er marknaden som er liten og støttestrukturen som er vaklevoren. Det er to heilt ulike samtalar som vi blandar saman heile tida. Psykologien forklarer kvifor den enkelte skaparen vel engelsk. Strukturen forklarer kvifor valet vert varig. Så lenge vi blandar dei, vert det aldri eit kulturpolitisk krav av det. Eg las både Ringenes Herre og Hobbiten på norsk, og eg har ikkje teke noko nemneverdig skade av det. Då må vi klare å få til norsk rundt eit spelebord også. Om Matthijs Holter får gjennom sitt prosjekt om ei ny omsetjing av raudboka så er vi eit lite stykke på veg, og om vi saman klarar å setje opp nokre fleire to toms fire på støttestrukturen i tillegg, så har vi eit godt rammeverk å byggje på. Brannfakkelen min er difor denne: Alle norske spelskaparar bør lage sine spel på norsk, men planleggje for engelsk. Ikkje fordi eg trur vi aleine kan klare å vinne att domenet i forsking, høgare utdanningsnivå, IT og næringsliv. Men vi kan vera med på å bevare alt det vi har som er rundt desse og halde dette engelske inntoget på avstand på den måten. Kva tenkjer de?
Merknad: Denne teksten er skriven av meg, men med redaksjonell hjelp til å finne kjelder med kunstig intelligens (som eg likevel måtte etterprøve sjølv)
Profilfoto av Stig: Helle K. Hagen
Om du ønsker kontakt med Stig
Epost: stig@smeb.no
Discord: s1982

Hjem › Forum › Har engelsk fleire ord enn norsk? Nei. Men vi oppfører oss som om det er sant
For mange herrens år sidan såg eg på det eg meiner var Typisk Norsk med Petter Schjerven. Der var Sylfest Lomheim (det kulaste namnet eg veit om) med, og han snakka om at engelsken tek over. Eit av dei vanlege argumenta er at engelsk har så mykje fleire ord og difor er meir nyansert. Lomheim slo bestemt ned på påstanden: det stemmer ikkje, norsk har like mange ord og kan skildre like godt som engelsk.
[See the full post at: Har engelsk fleire ord enn norsk? Nei. Men vi oppfører oss som om det er sant]
Del dette:
Del på Bluesky(åpnes i en ny fane)
Bluesky
Del på Threads(åpnes i en ny fane)
Threads
Del på X(åpnes i en ny fane)
X
Del på Mastodon(åpnes i en ny fane)
Mastodon
Del på Facebook(åpnes i en ny fane)
Facebook
Del på Reddit(åpnes i en ny fane)
Reddit
Send en lenke på e-post til en venn(åpnes i en ny fane)
E-post
Spillskaper, musiker og hype-man for norsk rollespillmiljø. Jeg har altfor lite peiling på internett til å ha ansvar disse greiene her!
En tredjedel av podcasten Vertshuset. Medeier i Mudknight Media, Spillforlaget og Seidmann Games. Du finner meg andre steder under @michaelsollien
Del dette:
Del dette: